was successfully added to your cart.

Reisebrev fra Sunniva

6. juli 2018

Sunniva Kambestad fra Colonialen Fetevare i Strandgaten har valgt å tilbringe ferien sin på Hitra Gårdsmat for å lære så mye som mulig om gårdsdrift og om osteproduksjon. På sin reise vil hun sende oss noen reisebrev for å dele historier og kunnskap hun tilegner seg på sin studietur.

 

Hei!

Her på Hitra går dagane fort, det er noko som skjer frå 5.30 om morgonen til 22 om kvelden, og eg lærer masse! Allereie fyrste dagen, rett etter nattog og kystekspressen, var det rett i ysteriet, i fjøset, kinne smør og å ta ein prøverunde i bil med automatgir, så eg kunne køyre til Bondens Marked med Bodil.

Det varierer litt frå dag til dag kva eg gjer, men denne veka har eg køyrd til Bondens Marked og levert ost/handla varer på vegen, var der frå måndag til tysdag og rigga og selde ost, før eg køyrde tilbake tysdag for å vera med Yngvar, mannen til Bodil, i fjøset. Sidan var det fjøsrunde om morgonen (me mjølker, skraper golvet, gir høy og slepp ut kalvane til «ammetantene» sine) (Her køyrer dei sitt eige opplegg med to kyr som ammar kalvane, i staden for å gi dei sjølv, og fann ut at kalvane la på seg dobbelt så mykje når dei fekk gå med ei ku), ysting før lunsj, gi kalvane igjen, yste, middag, gå fjøsrunde kl. 5 (med mjølking og skraping), så går eg vanlegvis ein liten tur med border collien Rex, om eg har energi igjen, før kveldsrunde i fjøset kl. 9. Og så det same neste dag. No er Bodil tilbake, så eg tek ikkje like mange fjøs-rundar i helga.

I ysteriet har eg vore med på å lage liten Hitra blå, stor Hitra blå, Grotteost, ung Grotteost, og på tysdag skal me lage Kongeost. I tillegg er eg ein del nede i ostekjellaren der eg snur ostar, og det blir ein del pakking, dypping i mugglake, og salting. Hygienen er sjølvsagt supernøye, så eg dusjar mellom kvart fjøsbesøk og ysteribesøk. I tillegg går me alltid med eigne sko, frakkar og hovudplagg i ysteriet, og vaskar ned alt utstyr og golv etter kvar ysting.

Ha ein strålande dag!

Helsing Sunniva

Les mer HER